Det kan løyvast tilskot til fylgjande tiltak:
- Restaurering og skjøtsel av areal
- Restaurering, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
- Planlegging av tiltak
- Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
- Formidlingstiltak
- Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
- Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
- Andre næringsretta tiltak og tiltak som fremjar føremålet med ordninga
Luster kommune er for 2023 tildelt inntil kr 470.000 til tilskotsordninga frå Statsforvaltaren. Det er ikkje sett av midlar til felles tiltak i området.
Tildeling av tilskot vert gjort i tråd med retningslinjer for tilskot til utvalt kulturlandskap (UKL)- Ormelid 2022-2025. Føremålet med ordninga vert lagt til grunn ved tildeling av midlane, tiltak må vere i samsvar med gjeldande planar for området.
Krav til søknad
Det skal leggjast ved (der det er aktuelt):
- kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast
- bilete av arealet eller objektet før tiltaket vert sett i gang
- skrifteleg løyve frå grunneigar og ev. rettshavar
Fylgjande satsar skal nyttast for 2023:
Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
Bruk av eigen traktor/gravemaskin: 800 kr/time
Satsar for skjøtsel, beitetilskot og liknande går fram av retningslinjene.
Sjå meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet.
Video med brukarrettleiing for søknad
Kontaktperson: Luster kommune ved Åshild Ekrene