Det kan løyvast tilskot til fylgjande tiltak:

  • Restaurering og skjøtsel av areal
  • Restaurering, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • Planlegging av tiltak
  • Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
  • Formidlingstiltak
  • Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
  • Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Luster kommune er for 2021 tildelt inntil kr 450 000 til tilskotsordninga frå statsforvaltaren. Det er ikkje sett av midlar til felles tiltak i området.

For 2021 vidarefører kommunen statsforvaltaren sin tidlegare praksis for tildeling av midlar.  Føremålet med ordninga vert lagt til grunn ved tildeling av midlane, tiltak må vere i samsvar med gjeldande planar for området:

  • Forvaltningsplan for Ormelid gard 2017 – 2027, 03.05.2017
  • Skjøtselsplan for nasjonalt utvald kulturlandskap på Øvre Ormelid, Luster kommune. R-nr. 1/2018. Høgskulen på Vestlandet
  • Oversikt over skjøtselstiltak for Ormelid gard 2019 – 2024 – utdrag frå skjøtselsplan
  • Plan for vedlikehald av veiter, Stiftinga Ormelid gard
  • Plan for restaurering av steinstrukturar; steingardar, bakkemurar, Stiftinga Ormelid gard
  • Plan for restaurering av "småbygningar", og oppattbygging på gamle murar, Stiftinga Ormelid    gard

Krav til søknad

Det skal leggjast ved (der det er aktuelt):

  • kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast
  • bilete av arealet eller objektet før tiltaket vert sett i gang
  • skrifteleg løyve frå grunneigar og ev. rettshavar

Fylgjande satsar skal nyttast for 2021:

Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time

Bruk av traktor: 600 kr/time

Gravemaskin: 800 kr/time (eller etter rekning)

Sjå meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet.

Video med brukarrettleiing for søknad