Midlar blir løyvde til prosjekt, tiltak og arbeid som byggjer opp under Regional plan for klimaomstilling med tilhøyrande plandel og handlingsprogram. Det vert ikkje sett tematiske avgrensingar til søkeordninga, i håp om å kunne fange opp eit breitt spekter av søkarar. Dersom ditt prosjekt eller tiltak kan bidra til at fylket når måla sine knytt til regional plan, har du no høve til å søke om midlar frå fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal fremje initiativ til handling for klimaomstilling og berekraftig utvikling av fylket. Konkrete, handlingsretta tiltak, haldningsskapande arbeid og klimatiltak i kommunar vert prioritert.

Gode og konkrete miljøtiltak vert også vurdert under denne søkeordninga.

I 2018 blei det mellom anna gitt støtte til:

  • Solcelleseminar
  • Vassdragstreff
  • Prosjekt for kartlegging av vernskog
  • Miljøveke på ein skule
  • Reperasjonsstativ for sykkel
  • Energinettverk i ein region

Les meir om ordninga her.