Regjeringa ynskjer å dekke faste kostnadar for bedriftene

Regjeringa føreslår no å opprette ei ordning der bedrifter kan søke om støtte til å få dekka faste kostnadar, som til dømes husleige og forsikringar. Målet er å auke sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skape verdiar og arbeidsplassar når krisa er over.

Det blir no arbeida i lag med Finans Norge for å lage ei digital løysing der bedriftene kan søke om støtte. Behandlinga av søknadane skal i stor grad vere automatisert og basert på tilgjengelege registerdata. Det skal bidra til at ordninga kan iverksettast raskt og at pengane blir utbetalt så snart som mogleg.

Regjeringa vil kome tilbake med detaljert informasjon om ordninga fredag om ei veke. Meir informasjon om forslaget frå regjeringa finn ein her.