Det fungerer slik at du som innbyggjar kan gjere tinginga av møte med ein sakshandsamar heimefra, på heimesida til Luster kommune, utan å måtte kontakte sakshandsamar på førehand. Når du tingar eit møte kjem kalendaren til den tilsette opp med dei ledige tidspunkta det kan tingast møte på. Fordelen for deg som innbyggjar er til dømes at du slepp ta ein bomtur til rådhuset for å oppdage at den du vil ha møte med er fråverande eller er oppteken i anna arbeid. Du kan vidare enkelt avlyse eller endre tidspunkt/dag digitalt på møteavtalen du har inngått. Noko av teksten i løysinga når du tingar eit møte digitalt er diverre på engelsk (døme; back, continue, submit m.m.) Det vert arbeidd opp mot leverandør for å få omsett all tekst til norsk/nynorsk.

Her er ein enkel rettleiing som syner korleis løysinga fungerer:

Registrering av ny brukar
Første gong du gjer ein avtalebestilling blir du beden om å oppgje namn, epost og telefon. Denne informasjonen blir brukt til å identifisere deg når du avtalar tid med ein av våre sakshandsamarar.

Få avtalepåminning på epost & SMS
Telefonnummeret du oppgir når du gjer ein avtalebestilling blir brukt til å sende deg ei påminning på SMS eit døgn i forkant av avtalen din.

Enkelt å melde avbod hvis du ikkje rekk avtalen
Stadfesting av avtalen og påminning mottatt på SMS og epost inneheld ei lenkje som enkelt lar deg melde avbud. Me set stor pris på at du gir oss beskjed hvis du ikkje rekk avtalen din.

Logg inn og sjå når og kven du har kontakta tidligare
Du kan logge inn og sjå historikk, tidligare korrespondanse og status på dine førespurnader. Du kan gjere dette ved å nytte den blå knappen "My account" til høgre på nettsida.

Sjå når sakshandsamarar er ledig i deira kalender
Har du ein fast sakshandsamar du ønskjer å snakke med kan du no sjekke vedkommende sin kalender og føreslå eit avtaletidspunkt. Sakshandsamar mottek då ein epost og blir oppfordra til å svare / stadfeste avtalen snarast. Digital møtebooking fungerar like godt på mobil som på nettbrett og PC. Me håper du vil nytte oss aktivt og melde frå om du har tilbakemeldingar.

Avtale møte1.png

 

Avtale møte2.png
Avtale møte3.png
Avtale møte4.png
Avtale møte5.png