A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
IMG_4295[1]

Tradisjonell juletrefest

I kveld var mykje folk samla til tradisjonell juletrefest på Indre Hafslo. Elevane hadde øvd inn spelet "Nisse på ville vegar". Det var mykje tekst å øve på, og elevane var kjempeflinke. Her fekk me høyre om Nisse som slo seg i hovudet og ikkje visste kven han var eller kvar han høyrde heime. Me fekk oppleva troll som dansa, kattar og tre som kunne snakka og dyr som leika i skogen. På sjølvaste julafta fann Nisse endeleg ut kven han var, og han kom heim til Nissefar, Nissemor, Truls og Nille. Me fekk sjå mange gode skuespelarprestasjonar, og mykje flott song.

Etter  julesplet var det servering av kaffi, kaker og brus. Etterpå var det gang rundt juletreet med fint tonefølgje av Arne, Olav, Ida, Johanne og Nora. Til slutt kom opp til fleire nissar på besøk til oss. Dette var til glede for både små og store. Vil du sjå bilete frå juletrefesten så finn du det under bileta til 1.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS