A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Transport til/frå skidagen 26. februar

Det har knytt seg noko usikkerheit kring transport til/frå skidagen fredag 26. februar.

Det vert oppmoda om at elevane vert transportert til/frå Heggmyrane av foreldra, så vonar me at så mange som mogleg har høve til det..Dei elevane som ikkje har eigen transport opp på Heggmyrane, møter på parkeringsplassen ved skulen. Dei vert då frakta opp på Heggmyrane.

Når skidagen er slutt:

1.-4. klasse: Vert henta i buss kl 13.00. Bussen køyrer om Hestnes/Galden før den køyrer til skulen.

5.-10. klasse: Skuledag til kl 14.25. Dei som ikkje vert henta eller kjem seg heim på eiga hand, vert transportert tilbake til skulen kl 14.00.

Elevar som skal vere att i trekket etter kl 14.25 må levere melding til kontaktlærar om det.

Elevar som skal køyre "fjellet" heim, må levere melding til kontaktlærar om det.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS