Tilsetjingsprosessen med intervju er no gjennomført, og det er med glede dei tre nye leiarane no kan presenterast.
I samband med tilsetjingane uttalar kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen: «Eg er godt nøgd med at leiartilsetjingane no er på plass. Det har vore solide kandidatar til leiarstillingane. To av dei tre som er tilsette er røynde leiarar frå før og så er det ein litt ferskare leiar. Dei tre vil kvar på sin måte utfylla og bidra i det allereie gode leiarlaget i Lustraskulen og Lustrabarnehagen. For einingane har det vore viktig å få avklart desse leiarstillingane. No har me høve til å avrunda inneverande barnehage- og skuleår på ein ålreit måte og ha litt betre tid til å førebu oppstarten til hausten. Eg ønskjer Heidi-Karin, Anne Merethe og Elling hjarteleg velkomen med på Lustralaget.»    

Styrar Gaupne barnehage

Heidi-Karin.jpg

Heidi-Karin Teigen Njøs er tilsett som styrar i Gaupne barnehage frå 1. august 2023. Inneverande barnehageår har Teigen Njøs vore konstituert i styrarstillinga.
Tidlegare har Teigen Njøs mange års erfaring både som styrar og assisterande styrar ved ulike barnehagar og oppvekstsenter. I tillegg har ho gjennomført
den nasjonale leiarutdanning som barnehagestyrar. Sjølv uttalar ho i samband med tilsetjinga: «Eg har hatt eit inspirerande år som konstituert leiar, og eg gler meg til å vidareføra arbeidet for ein god barnehage saman med resten av laget i Gaupne.»

Rektor/styrar Indre Hafslo oppvekstsenter

Elling.jpg

Elling Bjarneson Venjum er tilsett som rektor og styrar ved Indre Hafslo oppvekstsenter frå 1. august 2023. Han er utdanna master i læring og undervisning og har til saman åtte års erfaring som lærar frå Torvmyrane skule og frå Kvåle skule. Venjum har også erfaring som trinnansvarleg og som IKT-ansvarleg/IKT-ressurslærar. Inneverande år har Venjum hatt 60 % stilling ved Kvåle skule og 40 % stilling ved HVL der han har undervist i pedagogikk og elevkunnskap i grunnskulelærarutdanninga og i profesjonsfagleg digital kompetanse. Om den nye stillinga som rektor/styrar seier Venjum: «Eg ser fram til å bli kjend med nye kollegaer, og ta tak i ein ny og spanande kvardag på oppvekstsenter i eigen heimkommune.»

Rektor/styrar Skjolden oppvekstsenter

IMG_2511.jpg
Anne Merethe Feigum er tilsett som rektor og styrar ved Skjolden oppvekstsenter frå 1. august 2023. Inneverande år har Feigum hatt stillinga som assisterande styrar/rektor ved oppvekstsenteret. Tidlegare har Feigum vore styrar ved Gaupne barnehage i fleire år og rektor/styrar ved Luster oppvekstsenter 2014/15. Feigum har gjennomført den nasjonale leiarutdanninga for barnehagestyrarar, og ho har vidareutdanning i matematikk 1.-7. trinn og i grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Om den nye stillinga og overgangen frå assisterande styrar til rektor/styrar seier Feigum: «No har eg fått vore eit år ved oppvekstsenteret og blitt kjent med barn, elevar og tilsette. Det har gitt meirsmak. Gler meg til å vidareutvikla oppvekstsenteret saman med dei tilsette og foreldra. Det vert også fint å koma innatt i leiargruppa i kommunen.»