A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tur til jettegrytene i Fortun

Svein hadde laga til ein flott tur for oss til Fortun, og han fortalde både om ei dronning og prinsesse, nipe, jette- og jettegryte, filminnspeling, hammar, hengedal og trollfantar - og mykje meir!

Bratt start
Bratt start
Start ved svenskesvingen
Start ved svenskesvingen
Under hammaren
Under hammaren
Jettegryte
Jettegryte
Svein fortel ved Jettegryta
Svein fortel ved Jettegryta
Jettegryte
Jettegryte
Svein kjenner på temperaturen
Svein kjenner på temperaturen
Einebærsmaking
Einebærsmaking
Tørrlagt jettegryte
Tørrlagt jettegryte
Parasoll-sopp??
Parasoll-sopp??
Matpause
Matpause
Natursti
Natursti
Natursti
Natursti
Natursti
Natursti
..denne karen fekk me nesten helse på...
..denne karen fekk me nesten helse på...

Turen vår starta ved "svenskesvingen" og me fekk høyre bakgrunnen for namnet - nemleg at det er fleire svenskar som har køyrt gale i akkurat denne svingen, men heldigvis gjekk det bra med alle saman. Den fyrste bakken var bratt, men alle kom seg opp! Vidare gjekk me eit lite stykke på den gamle vegen over Sognefjellet, og me stoppa under ein hammar. Nokre av dei yngste på turen lurte på kva ein hammar var, og det fekk me då forklart. De får spørja elevane om de lurer på det same.

Turen starta i litt gråvèr, men då me kom eit stykke oppi skein sola, og me fekk sjå nedover til Fortun. Vidare framover fekk me altså sjå nokre aldeles flotte og store jettegryter! Kjempestas å få gå denne vegen, og ingen av elevane hadde vore her før! Me fekk høyre at det skal vere 19 små og store jettegryter i området, og me fekk sjå nokre av dei. Nokre med vatn, andre utan og nokre som me nesten ikkje kunne sjå hadde vore jettegryter i det heile teke.

Mat må me ha, og det også på denne turen! Mange svoltne magar å mette, så til vanleg matpausetid kosa me oss med nistene våre på "Nipedn", ein stor og fin plass der alle kunne sitje og la praten gå. Ein liten tur ut til fantesletta (ja, det var altså der fantane oppheldt seg før dei skulle over fjellet. Dei måtte også vente på godt vèr, så det var ikkje kvar dag dei kunne kome seg over), før me gjekk tilbake til rasteplassen og gjekk ein 12-postar natursti. Med godt samarbeid klarte alle gruppene å kome fram til eit svar på spørsmåla og me kunne starte turen tilbake til bussen. Me fann ut at me skulle gå vegen om fantesletta ein gong til. Det var jammen bra, for trur de ikkje at me fekk sjå ein trollfant inni grisehuset på Berge!

Takk for ein super tur!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS