A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Saman med Indre Hafslo Oppvekstsenter

Turdag til Berge torsdag 9.juni

Torsdag 9.juni skal me gå tur opp gamlevegen til Berge. Det vert ein matpause på Berge der me et nista vår før me går ned igjen.

Avreise er ca. kl.09.30 frå skuleplassen (elevane møter på skulen til vanleg tid).

Me reknar med å vera tilbake på skulen om lag kl. 13.00. Då vert det grilling på skuleplassen (eller Ekservollen om veret er bra). Grillmaten vil skulen spandera.

Etter turen vil det vera muleg for ungane i 3.-7.klasse å bada i fjorden ved Ekservollen. Ta i tilfelle med ein liten handduk og byteklede/badekle. Bhg + 1.-2.klasse kan få vassa i strandkanten.

Hugseliste:

  • God niste

  • Drikke (vatn, men kan også ta med varm drikke om ein vil)

  • Tursjokolade (maks 100 gr)

  • Gode sko og høvelege kle

  • Badeklede og handduk (for dei som ynskjer i 3.-7.kl)

 

Foreldre/føresette som ynskjer å vera med, er velkomne!

Desse er med på turen frå Luster oppvekstsenter:

Kontaktlærarar og ped.leiar Søtekruse

med fleire

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS