Ordførar Ivar Kvalen stod for overrekkinga av prisen som næringsutvalet tildeler:

- I år 2020 går prisen til ei bedrift med svært lang historie. Det er eit føretak som mange lustringar og nordmenn elles har eit forhold til. Årets bedrift 2020 er Turtagrø hotel AS.


Kvifor har så Turtagrø hotel fått denne utmerkinga?

I 1870-1880-åra var Ole Berge bonde og reinjeger på Turtagrø. Han og kona Anna gav  folk som drog over  Sognefjellet mat og husly på stølen. William Cecil Slingsby sin  bestigning av Store Skagastølstind i 1876 skapte aukande interesse for Hurrungane som fjellområde. Engelskmenn og nordiske pionerar innan  fjellsport søkte hit, og overnatta på stølen til Ola og Anna. I 1888 vart det første hotellet på Turtagrø sett opp for å huse dei moderne turistane. Same året bygde brørne Øiene hotell på nabotomten. Ole Berge kjøpte det bygget i 1912, huset som i dag heiter Sveitservillaen. Turtagrø vart møteplass for klatrarar i Norge. Turtagrø hadde statusen som senter for tindebestigarar fram til andre verdskrigen, med Kari som var dotter til Ole Berge som eigar.

På femtitalet tok Johannes Drægni og kona Astri over hotellet etter tanta til Johannes, Kari. Johannes drog til Sveits og lærde moderne klatring og starta Noregs fyrste klatreskule tidleg på sekstitalet.

I 1997 tok son deira Ole over hotellet og heldt fram arbeidet med å profilere hotellet både mot klatring og skikøyring i tindane på våren. Ole byrja og ei større rehabilitering av hotellet. I januar 2001 brann hovudbygningen ned til grunnen. Ole satsa likevel vidare og bygde hotellet opp att med ny arkitektur til sesongen 2002. Ole sette og i gang arbeidet med å byggje opp att Fjellbiblioteket som vart borte i brannen.

Så 26. desember 2004 døydde Ole i tsunamien i Thailand. Dotter til Ole, Sofie Hybertsen, tok over 80% av hotellet sine aksjar berre fire år gammal. I åra etterpå har mor til Sofie, Bente Hybertsen, vore styreleiar i Turtagrø og såleis forvalta Sofie sitt eigarskap.

No i 2020 er Sofie vorten 20 år og har arbeidd nokre sesongar på Turtagrø, ho er og vorten glad i fjella rundt verksemda. Ingunn Weka er dagleg leiar på Turtagrø, ho er fortunsjente og kjenner godt til drifta på Turtagrø frå ulike posisjonar. Bente Hybertsen er framleis styreleiar.

Næringsutvalet i Luster seier det slik i grunngjevinga for at Turtagø hotel vert årets bedrift i Luster kommune i 2020:

Turtagrø Hotel er ei av dei viktige tradisjonsbedriftene i Luster kommune. Hotellet har i over 130 år vore sentralt plassert i norsk reiseliv, og Turtagrø hotel er ei sterk merkevare. Det er ikkje utan grunn av Turtagrø hotel vert kalla «vogga til norsk tinde- og klatresport». I heile historien til bedrifta har kunnskap om fjellet, god tenkjing rundt sikkerheit, men og gleda som ligg i å utfalde seg i fjellheimen vore sentralt.

Turtagrø hotell har dei siste åra utvida sesongen og var tidleg ute med å skape ein god vårsesong med toppturar på ski. Turtgrø har og drege til seg nye kundegrupper av yngre menneske td gjennom arrangement som «high-camp. Det har vore arbeidd solid og målretta over tid, hotellet har solid økonomi. Turtagrø er ein viktig arbeidsplass i sesongen og eit viktig produkt for reiselivet i Luster og Sogn.

Til lukke med prisen.

Turtagrø bilde.jpg

F.v. Ivar Kvalen, Bente Hybertsen, Sofie Hybertsen, Ingunn Weka.