Dette er ein open sentral der alle skal ha moglegheit til å leige utstyr. Ved utstyrssentralen er det grunnleggande turutstyr.  Lån av utstyr må skje i opningstida 08-15.30, og må avtalast på tlf. 456 65 954 eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no

Alle må skrive kontrakt ved lån av utstyr. Dersom barna er under 18 år og skal leige åleine, må dei ha fullmakt frå foreldra. Betalinga skal skje ved utleige.

Utleigar står ikkje ansvarleg ved evt. skade på personar som nyttar utstyret.

Det er ein føresetnad at lånetakaren set seg inn i bruken av utstyret. Utlån er ikkje meint til kommersiell bruk.

Maks låneperiode er 7 dagar. Alt utstyr må leverast tilbake til avtalt tid og i opningstidene (om anna ikkje er avtala).

Utstyret skal vere tørka og reint ved tilbakelevering.

Ved for sein levering av utstyret vert lånetakar fakturert for tal av dagar leveringa er for seint levert med 50 kr pr. dag.

Lånetakar er erstatningsansvarlig ved skade/øydelagt eller tapt utstyr og kan då bli fakturert med kjøpesummen av utstyret.

Dersom utstyr er i dårleg stand eller øydelagt, må dette rapporterast ved innlevering, slik at utstyret kan reparerast eller skiftast ut.

 

Tiltaket er drifta av Luster Frivilligsentral