A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utleige av bygg ved oppvekstsenteret

Det er for tida ikkje ope oppvekstsenter på kveldstid for vaksne grunna smittevernreglar.

MEN: Det er frå og med 20.01.21 høve til å leige bygg hos oss i nokre tilfelle:

  • lokale treningar og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år* (kampar, cupar, stemne osv må framleis utsetjast)
  • ved samankomstar (møte, arrangement) inntil 10 personar og innanfor nasjonale retningslinjer*

*Nasjonale retningslinjer

Me gjer merksam på dei vanlege smittevernreglane som framleis gjeld:

  • ingen sjuke får delta,
  • deltakarliste
  • handhygiene
  • god hoste/nysehygiene
  • 1m avstand (kan vere unntak når det er nødvendig for aktiviteten)

Storleik på lokalet avgjer deltakartalet.

Dei kommunale bygga er ikkje opne for organisert trening for vaksne, les meir under:

koronavirus mørk
Smittevernreglar

Stengde kommunale bygg etter skuletid frå og med 04.01.21:


Som følgje av nasjonale smitteverntiltak alle kommunale bygg stengde for all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar etter skuletid for personar frå 20 år og over.

Dette vil då gjelde m.a. idrettshallen, samfunnssalar, gymsalar, lagshuset og skular/oppvekstsenter.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS