A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Stand og føredrag med bedrifter, vidaregåande skular og Sogn opplæringskontor

UV- dag 31.januar

Med overskrifta: Har du lyst å motivere ein av våre dyktige elevar på Luster ungdomsskule til å jobbe i akkurat di bedrift i framtida? inviterte me bedrifter til å besøke skulen vår. Me er overvelda over responsen og har hatt ein utruleg kjekk dag saman med bedrifter, vidaregåande skular og Sogn opplæringskontor.

t
s
r
q
o
n
m
a
b
c[1]
d
e
a[1]
b[1]
f
o[1]
t[1]

Utdanningsval skal gje elevane kompetanse i å treffe rett karriereval basert på eigne ynskjer og forutsetningar. Utdanning og yrker og arbeid er hovudområder ein skal jobbe med. Den 31. januar hadde heile skulen utdanningsval dei 3 første timane. Elevane fekk spørsmål dei skulle jobbe med, medan dei gjekk rundt på stand og høyrde på foredrag. 

Margunn frå personal opna dagen med innføring i Luster kommune som arbeidsgivar, kva typar arbeid finst og moglegheita for sommarjobb.  Deretter gjekk elevane rundt på stand og snakka med ulike bedrifter, Sogn opplæringskontor, Sogndal vidaregåande skule og Firda vidaregåande skule. Det var kjekt å lærerikt å få innblikk i kva ein gjer på dei ulike arbeidsplassane. 

9.og 10. klasse hadde og foredrag med Firda vgs, Mo og Øyrane vgs (naturbruk), Sogndal vgs (idrett) og Sogn opplæringskontor. 

Bedriftene har vore utruleg positive og stilt på stand og det har vore lærerikt med besøk frå vidaregåande skular og Sogn opplæringskontor. Tusen takk for at de tok dykk tid til å vere saman med oss denne dagen. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS