Kommunen vedtok i plan for hjorteviltforvaltninga i Luster kommune 2021-2024 at valdgrensa for teljande hjorteareal skulle leggast til 900 moh. Ved å endre øvre grense til 900 moh ser me at valda vil gå inn i ein del sameiger. Valdkarta er teikna slik at kvart vald får litt sameige kvar. Dersom det er usemje knytt til dette, vil valdet få teljande areal opp til matrikkelført eigedom.

Ev. forslag til endringar må teiknast inn via kommunekart eller på papirkart. Vald og jaktfeltleiar har ansvaret med å informere grunneigar/jaktrettshavarar der det er naudsynt.  

Innspel sendast til underteikna eller til postmottak@luster.kommune.no innan 18.02.2022. 

Sjå valdkart her

 

Runar Hatlevoll
Viltforvalter
Runar.Hatlevoll@luster.kommune.no
Tlf: 576 85 581 (tys, ons, tors)