Korleis virkar varslingen?

Meldingen blir sendt som SMS til mobiltelefonar og ein automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lesen inn som "tekst til tale". På slutten av meldingen blir du bedt om å taste: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldingen 9 - dersom du ønskjer å høre meldingen ein gong til.

 

Er mobilnummeret mitt registrert?

Så lenge du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvalting» på rett adresse er alt i orden. Denne oppføringa gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret.

Du kan sjekke oppføringa di og gjere endringar her:

 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du allikevel ønskjer å få varsel frå kommunen, gjere tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

 

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelde barn på hybel, bustaden til foreldra dine eller ein fritidseiendom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".

  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".

  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn.

  • Her kan du legge til andre adresser du vil varslast for. Navn = den som bur på adressa du registrerer.

 

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla dersom du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

 

Korleis finn eg ut om adressa til foreldra mine er i ein kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den aktuelle kommunen for å høyre om dei brukar Varsling 24.

 

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, i tillegg til bustadsadressa som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".

  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".

  • Du mottel ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.

  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.