A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon til alle foreldre ved oppvekstsenteret

Vatnet vekke

Informasjon til foreldre ved Jostedal Oppvekstsenter i samband med at ungane vert sendt heim grunna manglande vatn

Jostedal, 22.jan 2013
 
I dag har me ikkje vatn på Samfunnshuset, i barnehagen eller på skulen. Antakeleg er vatnet frose ein plass i bakken, og Teknisk jobbar med å få retta problemet. Om lag klokka halv ti fekk me beskjed av dei om at det ikkje såg bra ut for dagen i dag. 
 
Etter å ha snakka med dei ulike fagpersonane på Rådhuset, er det klart at dette ikkje har skjedd før i ”nyare tid” (dvs med moderne retninglinjer å forhalde seg til), og me måtte gjere det slik me meinte det var best der og då. Sidan me ikkje kunne hente vatn nokon plass i nærleiken, avgjorde toalettbehovet at me måtte sende alle heim. Det var sjølvsagt uhaldbart å ikkje kunne trekkje ned i do, og ikkje kunne vaske hendene.
 
Folk frå Teknisk jobbar framleis med å ordne opp i saka, og eg vil legge ut ei oppdatering kl 16 i ettermiddag på nettsidene våre: www.oppvekst.luster.no/jostedal. Det er sjanse for at det ikkje vert ordna til i morgon, men vidare framdrift skriv eg om då kl 16 – ring meg etter det viss de ikkje har mogelegheit for å lese på nettsidene!
 
Me tykkjer det er synd å sende ungane heimatt, men kan ikkje sjå nokon anna god måte å løyse dette på. Berre ta kontakt viss de har spørsmål!
 
Beste helsing,
 
Mette rektor/styrar (mob: 91715162)
Og alle dei tilsette ved Jostedal Oppvekstsenter
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS