Om oss - Kontakt og opningstider

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. 

Barnehagen har éi avdeling med 24 plassar og 5 tilsette. På skulen er det 19 elevar fordelt på 7 trinn, 4 lærarar og 1 SFO-tilsett. Med 19 elevar fordelt på 7 ulike trinn er tilpassa opplæring ein sentral del av skulekvardagen. Dette gjev rom for å skapa gode relasjonar mellom elevar på tvers av trinn, og mellom elev og lærar. Gjennom eit godt og framtidsretta samarbeid mellom barnehage og skule, skapar me ein glidande og trygg overgang frå barnehagebarn til skuleelev. 

Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet, og er i gang med utviklingsarbeid på desse områda. 

Opningstider:

  • Skule - småskulen (1.-4.klasse)
    Måndag kl. 09.00 - 13.50
    Tysdag kl. 09.00 - 13.50
    Onsdag kl. 09.00 - 13.50
    Torsdag kl. 09.00 - 13.50
    Fredag kl. 09.00 - 13.50
  • Skule - storskulen (5.-7.klasse)
    Måndag kl. 09.00 - 14.35
    Tysdag kl. 09.00 - 14.35
    Onsdag kl. 09.00 - 14.35
    Torsdag kl. 09.00 - 13.50
    Fredag kl. 09.00 - 13.50
     
  • Barnehage
    Måndag - fredag kl. 07.00 - 16.00
     
  • SFO
    Morgon: 
    Kl. 07.00 - 09.00
    Ettermiddag:
    Kl. 13.50-15.45