A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 35

Då er det fredag og helg igjen! Denne veka begynte 1.-4. med symjing i Lustrabadet, og alle elevane gledde seg til det, og det var ekstra spennande med buss og symjing for første gang for 1. klassingane, men det gjekk fint! Det er ei lang reise med buss til Gaupne frå Solvorn. Då er det tidleg frammøte, kl. 8.00 på kaien, og bussen er nedom Hafslo og innom Lambhaug. Kl. 8.50 er det ankomst Gaupne, symjing kl. 9.00-10.00, og så er det buss tilbake. Den tek ikkje så lang tid, men det er byte av buss på Heggmyrane. Bussen køyrer oss heilt "heim att". Elles har 1.-4. samla naturmateriale denne veka som skal brukast seinare i haust. Elevane er ivrige i å skriva i forfattarboka si. Det blir mange gode forteljingar. Skriving i alle fag er satsingsområde, så det er viktig å motivera elevane til lesing og skriving. 5.-7. har hatt om demokrati og Stortinget denne veka. I naturfag har dei hatt gruppearbeid om Darwin, Linnè og Flemming. Mobberingen og STOPP-regeIen er repetert. I kroppsøvinga er det ulike aktivitetar og fokus på fair-play!

Neste veke skal alle elevane i Luster øva inn ein ny sang, "I Luster" (skriven av Arve Bjørn Røneid). Denne skal alle synga 8. september på felles aktivitetsdag i Gaupne for alle skulane i Luster og markering av Luster som "Trygge lokalsamfunn". Me skal ta buss kl. 8.30 frå oppvekstsenteret til Gaupne, så er det felles samling 9.30 og deretter ulike friidrettsaktivitetar der alle elevane er delte i grupper. Bussane går frå Gaupne kl. 13.45, så dagen vert litt lenger for dei yngste. Pass på at ungane har høvelege kle og sko til friidrett, og så er det viktig med god mat og drikke.

God helg!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS