A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 36 og 37

Personalet har vore på ein del kursing to siste vekene; tilpassa opplæring, klasseleiing, studiar, kultur og bruk av digitale verktøy. Forrige torsdag hadde me ein fin aktivitetsdag i Gaupne. "I Luster" ljoma mellom fjella, ei fin urframføring! 1.-4. har jobba med veg, trafikk og skilt. Dei har hatt ulike aktivitetar både ute og inne. 5.-7. har jobba med ny læringsstrategi, VØLL, ein lokal variant av VØL der eine L`n står for læringsstrategi; kva læringsstrategi vil du bruka for å læra meir om det du ønskjer. Origami har vore tema. Elevane har bretta mange ulike former og figurar i ulike fargar. Her må ein vera nøyaktig skal resultatet bli bra! Denne veka har me hatt vår førset kantine på huset. Tysdag var det kantine og kulturøkt i barnehagen. Karbonadesmørbrød stod på menyen med mykje grønsaker som tilbehøyr. Maxiane var stolte seljarar av maten dei hadde laga. 5.-7. hadde ansvar for kulturøkta der dei synte fram det dei hadde laga i origami. Dette var ei fin stund i barnehagen, og elevane tykte det var kjekt å få vera på avdelinga. Me åt både ute og inne i det fine haustveret.

God helg, og nyt den nydelege hausten!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS