A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
grille fisk

Veke 37

Enno ei veke med mange flotte uteaktivitetar! Det har vore ein fantastisk haust så langt.

Mellomtrinnet hadde foreldremøte tysdag og det var godt oppmøte. Onsdag reiste 6 stk. av personalet på Pals- konferanse på Sandane. For rektor var det ein flott konferanse å få vere med på, sidan ho ikkje kan så mykje om Pals frå før. Konferansen fortalte oss mykje på kva me er gode på og kva me kan bli betre på. Me har eit nettverksamarbeid med Vassenden skule, og i løpet av skuleåret skal me ha som mål å få til 2 treff.

Torsdag var det DKS (Den kulturelle skulesekken) for småskulen og for 8. kl. 9. og 10. klasse hadde ein fantastisk bretur på Nigardsbreen. I morgon, måndag, reiser 10. kl. til Tyskland og Polen. Hugs å ta vare på kvarandre for turen er med på å byggje varige minner. Me ynskjer dei god tur!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS