A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
2

Veke 39

Denne veka kom hausten for fullt, med mykje regn og vind. Då er det tid for allværsjakke, gummistøvlar og bytetøy! Det blei mykje vatn på nedsida av skulen og alle veit kor glade ungane er i sølepyttar:-)

8. og 9. klasse blei ferdige med dei nasjonale prøvene, og elevar og foreldre vil få konkret tilbakemelding på prøvene på elev- og utviklingssamtalane seinare i haust. Fredag hadde me den fyrste fellessamlinga dette skuleåret, og det var 2. og 7. klasse som hadde ansvaret for underhaldninga. Det var mykje flott sang, rollespel og presentasjon av forfattar Roald Dahl. Som ny rektor var det fantastisk å få sjå og høyre kor flinke elevane var til å opptre, og kor flinke dei andre elevane på skulen var som publikum. Kjempeflott!

Berre å glede seg til neste fellessamling:-)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS