A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 40

Då kan alle elevane og lærarane ved skulen ta ein velfortent haustferie! Elevane har hatt fleire aktivitetar ute i det gode veret denne veka. Måndag hadde me fagdag i engelsk der elevane kom i "uniform", kvit overdel og blå bukse. Dei var innom tre stasjonar der dei fekk læra og høyra om England på den eine, engelske songar/rim/regler på ein, og så var det "fish and chips" der elevane sjølve laga chips av poteter (pommes frites). Dagen vart avslutta og oppsummert med felles quiz. Onsdag hadde 5.-7. elevkveld, og 1.-4. hadde torsdagen. Det var to kjekke kveldar der elevane laga mat i fellesskap, hadde leiker og høyrde musikk. Etter haustferien skal 5. trinn ha nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. Tysdag 18. er det kantine att. Pizza-salet har me flytta frå torsdag 20. til 27.Me minner om at marknaden er tysdag 1. november, så fint om de sender med elevane gevinstar etter hausferien.

Ha ein god haustferie!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS