A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Trollskogen nov

Veke 46

Då er det berre 5 veker til juleferie:-) og heldigvis fekk me litt snø igjen.

No er klassane midt i samtaleperiodane sine, nokon er ferdige og andre held på. Det er berre 4 veker til julefesten og dei klassane som skal ha underhaldinga på festen startar snart førebuingane.7. og 10. klasse har gjennomført elevundersøkelsen, og 4 klasse skal gjennomføre kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter. Måndag 21. er Berit tilbake på kontoret igjen:-) Biletet er frå Trollskogen når 4. klasse var der på utedag fredag. Dei leika, hadde konkurranse med pil og boge, dei lærte å tenne opp bål og dei samla materiell til julepynt som dei skal lage seinare. Me er heldige som har så fint læringsmiljø både ute og inne, og lærarane og elevane er flinke til å utnytte det. Ynskjer alle ei god veke!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS