A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
kulturøkt,nov

Veke 48

Tysdag hadde 3. klasse kulturøkt for 4. klasse og dei eldste ungane i barnehagen. Desse øktene er så utroleg flotte og det er kjempekjekt å få høve til å vere publikum. Elevane synte fram det dei hadde jobba med dei siste vekene. Dei hadde laga store postkort med flotte motiv på framsida og bak på kortet hadde dei skrive ei helsing frå haustferien som dei las opp. Det var sjølvsagt eit adressefelt på kortet òg! Ei gruppe synte fram broderingsprosjekt. Elevane sang både norsk og engelsk, og til slutt var det allsang med Svingensangen.

Onsdag var 10. klasse på føredrag med Aarebrot, "Eurpoa rundt på 100 minuttar", på Luster ungdomsskule. 6., 7. og 9. klasse har bading denne bolken. Valfaggruppa friluftsliv var på klatring i Sognahallen fredag.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS