A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 10

Tida flyg, og ei ny veke er over.

skidag110316-1[1]
skidag110316-2[1]
skidag110316-3[1]
skidag110316-4[1]
fysak110316-2
fysak110316

Denne veka har det vore faddersamarbeid for nokre klassar, 1. og 6. klasse til dømes åt lunsj saman torsdag. 1. klasse var onsdag på skitur i Tang, det ligg eiga sak på dette på deira eiga heimeside. 3. klasse hadde onsdag kulturøkt, der dei synte eit flott program for born frå barnehagen, og elevar frå 4.-5. klasse. Meir om det på 3.klasse si heimeside.

 4.- 7. klasse avslutta veka med skileik på Heggmyrane. Studentar frå Høgskulen hadde regien og ansvar for opplegg. Her var det mykje flotte øvingar og aktivitetar. Elevar, stundetar og lærarar hadde ein kjekk dag i den flotte sola.

7. klasse arrangerte sist laurdag "Loppecup" i fotball. Eit flott tiltak og arrangement med god aktivitet, og godt nøgde deltakarar og arrangørar. 9. klasse var måndag og tysdag hospitantar på vidaregåande. Her fekk dei mykje nyttig informasjon om ei studieretning som dei sjøv hadde ynskt. Elevane fylgde den valde studieretninga desse to dagane. Etter dette veit dei ein del meir om vidaregåande, og den retninga dei fekk "fordjupe" seg i desse to dagane.

Valfaget fysisk aktivitet og helse avslutta veka med praktisk oppgåve i bålbrenning, og koking av vatn til "rett i koppen".

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS