A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 14

Ei noko forkorta skuleveke dette, ettersom det var elevfri på fredag. Lærarane brukte fredagen til kompetanseheving på Lærarstemne og diverse kurs.

8
3
3
fargelære

Kunstgrasbana har denne veka vorte grønare og grønare, og aktiviteten har auka i takt med det tilgjengelege arelet, så no er det full rulle på kunstgraset.                                      Oppsettet over banetider for klassane er no innført igjen.

Torsdag var det fellessamling, der 3. og 8. klasse synte fram eit variert og aktivt program.  Flinke elevar og lærarar som saman jobbar fram gode aktivitetar. 5. klasse har jobba med fargelære.. Dei har lært om Ittens fargesirkel. Elevane har blanda fargar, måla og skal laga sin eigen sirkel. Dei er no kjende med omgrepa primærfargar, sekundærfargar og tertiærfargar. Sjå deira eiga heimeside for meir. 

Me ser at mange av elevane no syklar til/frå skulen igjen. Minner om at me er varsame i trafikken, og at me brukar hjelm. 1.-7. klasse parkerar syklane på sykkelstativa mellom Hafslo bhg og skulen. Ungdomsskulen parkerar syklane framføre "Luster vidaregåande".

 

Då ynskjer me alle ei god vårhelg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS