A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 16

Ei ny veke er over.

Pals1
Pals2
DKS1
DKS2
DKS3
DKS4
DKS5

Elevane i 3.klasse har vore flinke til å fylgja Pals-reglane på skulen. Dette vart  markerte med med ein GULLPALSTIME. Elevane fekk frukt,  sang vårsongar, og spelte spel og leika på SFO -rommet. 1.-4. klasse var onsdag til Gaupne på DKS, der dei fekk oppleve "Tankelaboratoriet" der dei møtte reddharen, Sinnatraggen, Firkanten og Hermegåsa. Alle ynkste å verte forstått, men opplevde ofte det motsette. Ei kjekk stund i Gaupne. 

No er det aller meste av snøen vekke frå utområdet, og det dukkar opp ein del søppel. Me set pris på om alle tek ansvaret med å rydde litt ute når dei er på skuleområdet, og at alle gjer sitt for å halde det ryddigt. Då vert det trivelegare å vere på skuleområdet for alle, både i skuletid og fritid.

Det  er no snart klart for nye elevsamtalar, og etterkvart utviklingssamtalar mellom lærar, elev og foreldre. Me vonar på gode og konstruktive samtalar, som skal føre til vidare utvikling hjå eleven. I fyrste del av mai skal me gjennomføre Utdanningsdirektoratet si foreldreundersøking, den vert gjennomført kvart tredje år i Luster kommune. Undersøkinga vert gjort via internett, og me vonar at mange kan delta på den. Meir informasjon kjem etterkvart.

Hausten 2016 skal skulane i Indre Sogn  i gang med den nasjonale ungdomstrinnsatsinga, og skulane i Luster kommune skal ha "skriving i alle fag" som sitt satsingsområde i dette. Målet med satsinga er meir variert og praktisk undervisning som skal gi meir motivasjon og meistring hjå elevane. På www.udir.no vil de finne mykje nyttig informasjon om dette. 

Me minner om temaforeldremøtet torsdag 28. april kl 18.00.

Ha ei gode helg alle saman!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS