A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 18

Ei kort veke er over

veke18-2
v18-1[1]

Denne veka var av det korte slaget med 3 skuledagar. Våren kom endå tettare på oss, då isen på Hafslovatnet vart vekke i helga.

Denne veka har 6. klassa  blant anna hoppa "land og hovudstadar", ein kjekk aktivitet(sjå bilde). 

Friluftslivgruppa i Aldersblanda har vore i "Trollskogen" for å jobbe vidare med  "Prosjekt gapahuk"

Onsdag var Politiet på besøk til ungdomssteget, der dei la fram resultata frå rusundersøkinga som vart gjort blant ungdom i Indre Sogn i 2015. I tillegg presenterte dei ein del kring "Nettvett", og korleis ein skal opptre på nettet. Elevane fekk med mykje læring  i høve kva som er lov/ikkje lov, og kva straffbare handlingar kan føre til. Ei nyttig samling med Asle Karoliussen og Christin Sønnesyn frå Politiet.

I veke 19 vert det utdelt informasjon om UDIR si foreldreundersøking. Den skal besvarast på internett, og me ynskjer at alle deltek på den. Svarfrist på den vert sett til 23. mai.

http://www.udir.no/Laringsmiljo/Elevundersokelsen/Sporsmalene-i-undersokelsene/Temaene-i-Foreldreundersokelsen/

 

Då ynskjer me alle ei god "langhelg"!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS