A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 20

Då er det pinse og 17. mai.

1
entrepr1
entrepr2
Sykkelprøve
sykkelprøve2
sykkelprøve3
6
6
6

Etter ei god veke, ventar pinsen og 17. mai.

Tysdag vart Tinestafetten arrangert i Gaupne. Sjå eiga sak om den,  klassane våre leverte topp innsats. Stolt!

Denne veka har 8. og 9. klasse vore i Øvre Årdal på entreprenørskapsmesse. Her fekk to av våre elevbedrifter presentert seg overfor skular frå Indre Sogn. Bedriftene "Hafslo Disco" og "Småtteri" presenterte si bedrift og skulen på ein flott måte. "Småtteri" vart premiert med den beste standen.

6. klasse var torsdag saman med Barnas naturoppsyn på Hafslovatnet, i fuglefredingsområdet framme i Straumane. Her fekk dei mellom anna lære om kva forsøpling kan gjere med fugle og dyrelivet, dei fekk lære namnet på ,og sjå mange av fugleartane som hekkar her. Dei fekk prøve å vere trekkfuglar på leit etter mat. Flott og lærerikt opplegg, og eit kjekt samarbeid med oppsynet.

7. klasse gjennomførte fredag sykkelprøven. Valfaggruppa i Trafikk arrangerte sykkelprøven. Godt levert både av arrangørane og deltakarane.

Klassane har denne veka vore ute på sine "rodar" å plukka bos, slik at no skal vere ryddig og fint i bygda til 17. mai, vår og sommar.

Fredag vart det montert nytt lydanslegg i gymsalen, dette gjer at me satsar på god lyd 17. mai, og framover. Takk til bidragsytarane somk har hjejlpt oss med dette, 17. mai-komiteèn 2015, Hafslo Bygdalag og Hafslo IL.

Det har vore klargjering til 17.mai, arbeid med faner, og øving på å gå i tog. 17.mai-toget på Hafslo vert nok veldig flott!

Ha ei god pinsehelg, og ein fin 17.mai!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS