A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 20

Ei kort skuleveke dette med 3 skuledagar.

Tysdag var det 17.mai-arrangement ved skulen, og 8. klasse var dette året 17.mai-komitè. Dei hadde gjort ein strålande jobb med arrangementet, og når vèret då var bra, så vart det ein flott 17. mai på Hafslo.

Ei kort skuleveke dette, der 10. klasse gjennomførde skriftleg eksamen i matematikk fredag. 8.-9. klasse har vore ute på arbeidsplassar med "jobbskugging", der dei har fylgt kjende(foreldre?) på jobben,  sett og opplevd litt av deira jobbkvardag.

3. klasse var fredag på vitjing hjå SIMAS i Festningdedalen på Kaupanger. SIMAS inviterar årleg 3. klassane til å vitjing. Her fekk elevane sjå og høyre om korleis avfall mm vert handtert. 3. klassen legg inn eiga sak om dette etterkvart.

Klassane ellers har vore på skulen, og hatt gode arbeidsøkter. Me går no inn i siste "fase" av skuleåret med 3 skuleveker igjen.

Fredag 3. juni har SFO sin siste SFO-dag i "Gamleskulen", frå måndag 6. juni, og fram til sommarstenginga har dei base på skulekjøkkenet i Samfunnsbygget. 1.-3. klasse har sin siste skuldag på Gamleskulen fredag 10. juni. Siste skuleveka vert dei mykje ute, og i litt ulike klasserom i Fellesbygget. Dette er pga av at ein skal starte førebuingsarbeid til rivinga av "Gamleskulen".

Ha ei god helg, og gratulere med dagen til alle konfirmantane søndag 22. mai.

 

Kjell

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS