A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 21

Ei flott sommarveke er over. Må vel vere den finaste veka så langt i 2016.............?

Felles1
Felles2
felles3
felles4
felles5
kongevegen1
Kongevegen2
Kongevegen3
Kongevegen4

Det går mot slutten av skuleåret, og fredag hadde me årets siste fellessamling då 4. og 9. klasse hadde flott underhaldning som sang, sangleikar, engelsk framføring og gitarspel. Dermed har alle klassane hatt kvar sin fellessamling som dei har hatt underhaldningsansvar for. Kjempeflinke og kreative elevar med godt støtte frå kreative tilsette.

Både 1. og 2. klasse har vore på turar i nærmijøet, flotte reportasjar på sidene deira.

7. klasse avslutta veka med flott tur langs Kongevegen til Årøy. Dei både sykla, gjekk og tok buss. Ein utruleg fin tur, med lunsj på bygdeborgi og ein lærerik omvisning på kraftverket. Naturfagundervisning undervegs med samling av vårblomar. Spennande å lære om elektrisistet på kraftverket. Store dimensjonar på elv, turbinar og hallen.

Det skjer mykje i klassane no inn mot sommarferien,  der det er viktig med god informasjon om kva som skjer, og kva elevane skal ha med til eikvar tid. Me skal prøve å informere etter beste evne på vekeplanar, og på heimesida.

Minner om foreldreundersøkinga som pågår til 3. juni. Skulle det vere vanskar med innlogging, så ta kontakt.

Ha ei gode sommarhelg!

Kjell

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS