A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 5

stud
1
fysak050216

1. og 2. klasse var onsdag på tur saman til "Trollskogen". Dei har laga ein reportasje på dette som ligg på klassane sine eigne heimesider.

7. klasse deltek no i leseaksjon "Tid for ti" Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og ei rekkje andre nynorskaktørar. Målet med prosjektet er å gje elevane gode leseopplevingar gjennom å introdusera dei for nyare nynorsk litteratur. Sentralt i "Tid for ti" er ein antologi med utdrag frå ti gode nynorske ungdomsbøker. www.tidforti.no 

Valfag i Fysisk aktivitet og helse var fredag på Heggmyrane. Her fekk dei boltre seg i masse nysnø og topp tilhøve.

Elevbedriftene "går så det susar", og elevane gjer ein god jobb. Det eine er å drive sitt eige firma, og alt det fører med seg, det andre er at dette er ei viktig inntektskjelde for klassen til haustens Polentur. Dei set stor pris på at bygda er så positive til elevbedriftene, og at dei støttar godt opp.

Me fekk denne veka studentar til skulen. Dei vil vere her 3-6 veker framover, og totalt har me 15 studentar som er "fordelt" på ulike klassar. Mange av studentane er godt i gang med å få praktisere som lærar. Nyttig læring og erfaring.

 

Ha ei gode fastelavenshelg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS