A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Då er me klar for vinterferie!

Vekeoppsummering frå veke 6

Ei veke med mange ulike aktivietar på skulen, og no er det tid for vinterferie!

KANONBAL2
kanonball
ALDERSBLAND1
ALDERSBLANDA2
LIVREDNING1
LIVREDNING2
LIVREDNING3
BALLDAG3
BALLDAG4
BALLDAG5
KANONBAL2
iglo1
iglo2
iglo3

1.-4. klasse hadde onsdag mattedag, då med fokus på praktisk matematikk. Nyttig for elevane å oppleve og erfare at matematikk er eit praktisk fag og. Dei var innom mange kjekke og praktiske matematikkaktivitetar. Fredag hadde me teaterbesøk av "Den kjempestore krokodillen". Ei fin avslutning for 1.-4. klasse før vinterferien.

Aldersblanda har blant anna vore på langrenn, denne veka i skispora på Tang. Flott aktivitet i nærområdet. 7. klasse har fått øvd og prøvd seg med livredning som "munn til munn-metode" og hjartekompresjon. Alle 7. klassingane i kommunen har motteke øvingsdokker frå Luster sparebank.

Onsdag hadde mellomsteget sin årlege balldag i gymsalen. 7.klassingane gjorde ein flott jobb med å arrangere, bake og med kiosksalet, og det var veldig kjekt å få vera med på turneringa! Masse god aktivitet, smil og latter, konkurranse og særs positive elevar på mellomsteget denne dagen!!

Valfaget Fysisk aktivitet og helse fekk prøve seg som "iglo-byggarar" på fredag. Ei nyttig øving for dei, og resultata vart bra.

Skulen er heldig som har gode naboar og flinke foreldre som stiller område, og seg sjølve til disposisjon for våre aktivitetar.  I mange år har me nytta "Trollskogen" som uteområde, me nyttar "Beimslinja" til aking, og me nyttar Tang til langrennsområde der me no har fått køyrt opp skispor. Takk til dykk alle for god velvilje.

Og brått var vinterferien her. Som vanlege oppmodar me om å vere i aktivitet ute, lese litt og å slappe av litt.

Ha ein fin vinterferie, og hugs at det er morsdag søndag!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS