A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 9

Då er me komne i mars, men vinteraktiviteten er framleis stor og god

md1_960x720
md2
pyr2
skileik1

Fleire av klassane har benytta seg av dei fine skispora som ligg innbydande på Hafslovatnet, og kringom skuleområdet. Flott å kunne ta på seg skia utanfor skulen, og kunne gå direkte i løypa.

3. klasse hadde PALS-belønning denne veka, då hadde dei aktivitetar saman med 4. klasse. I kroppsøvinga har dei laga pyramidar, flinke og spreke elevar!

5. og 6. klasse har denne veka besøkt barnehagane på Hafslo, der dei har lest for borna der. Ein flott aktivitet, og ei god leseøving for elevane, og ei kjekk stund for barnehageborna. Tysdag hadde mellomsteget "Matematikkens dag", då hadde ein ulike stasjonar der elevane fekk prøvd seg på praktisk matematikk.

Fredag hadde mellomsteget besøk av den kulturelle skulesekken med filmen "Dit peppern gror" av Eli Gunnvor Grønsdal. Ho tok elevane med på ei reise gjennom Aust Afrika, på motorsykkel. Turen starta i Addis Abeba, Etiopia, gjennom Kenya, Tanzania og til krydderøya Zanzibar. Målet med filmen var å syne eit annleis og meir positivt bilete av Afrika.

Oppmodar om å ta turen innom klassesidene, mange flotte reportasjar der. SFO avslutta veka med karneval, og legg ut eiga sak på det.

Tysdag hadde me besøk av PALS-teamet frå Vassenden skule. Me har oppretta eit samarbeid med dei, slik at me kan lære, og utveksle PALS med meir av kvarandre. Dette var den tredje samlinga me har hatt saman med dei sidan våren 2015. Olden skule skal og etterkvart vere med i dette "PALS-nettverket".  

Som nemnt før så har me hatt mange studentar ved skulen siste vekene. 3 grupper avslutta denne veka praksisen sin her. Det var studentane som har vore  i 1. og 7. klasse, og vidaregåande elevane som har hatt praksis i 3. klasse og SFO. Takk til Dykk for god innsats, og så vonar me at læringsutbytet har vore stort.

Komande veke startar Mahari på språkpraksis hjå oss. Mahari er flyktning frå Eritrea, og er no busett på Hafslo. Mahari skal vere hjå oss måndagar og onsdagar framover våren. Han vert i hovudsak i 1 og 2. klasse, og på SFO. Me tek alle vel i mot Mahari.

Administrasjonen kjem måndag/tysdag i veke 10 til å flytte over til nye kontorlokale i 3. etasje  på Fellesbygget. Inngangen er der som ein gjekk inn til det gamle biblioteket, opp 2 trepper evt heisen. 

Telefonlinjene til skulen kan difor vere noko ustabile måndag/tysdag, så dersom de ikkje får kontakt på telefonen til skulen kan de kontakte oss slik.

Sekretær, Berit Hauge - 90924511

Rådgjevar, Gjertrud Storvik - 48156254

Inspektør, Cathrine Teigen Volle - 90753782

Rektor, Kjell Ertesvåg - 90835333

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS