A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
dear student

Velkommen til skuleåret 2019/2020

Då er sommarferien snart over, og tilsette på Luster ungdomsskule gler seg til å ta i mot ungdomane og starte på eit nytt skuleår.

Oppstart er måndag 19.08.19 kl. 9. Elevane møter ved sin inngang, så vert det ei felles samling i aulaen for alle elevane før ein startar skuledagen i sin klasse

Informasjon/aktivitetar. På heimesida vår http://www.luster.kommune.no/framside.256754.nn.htmlfinn de diverse informasjon, samt dato for ulike aktivitetar som elevfrie fredagar, foreldremøte, elevkveldar mm.

 

Idrettshallen er stengt ein periode, så det vert kroppsøving ute. Me har tilgang på garderobar, så elevane tek med gymklede som vanleg.

Felles foreldremøte 27.08.19kl. 18.00-20.30. Felles økt i aulaen frå kl. 18, trinnvise samlingar etterpå.

Skolelyst skulen held fram med denne ordninga når det gjeld mjølk. Sjå vedlagte foreldreinfo. Fint om de bestiller mjølk så snart som muleg, dersom de skal nytte denne ordninga.

Leksehjelp. Nytt tilbod av året. Tidspunkt torsdagar 08.00-08.50. Elevane kan ha med seg niste og ete frukost, dei vil få servert drikke og frukt. Ansvar for tilbodet er nytilsett pedagog Marthe Knivsflå Toft og Miljøterapeut Susanne Heen Veum. Interesse meldes til meg på mailadresse: Kristin.vee@luster.kommune.no, dersom de vil nytte tilbodet fast, eller etter behov. Frist er sett til 23.08.19. Skulen dekker ikkje evt ekstra transportkostnader, her må føresette finne løysingar sjølv.

Busskort kan nyttast der det går buss. Me oppmodar føresette om å snakke med sin ungdom om tilbodet, dersom det kan vere til støtte i heimearbeid. Lekser skal gje mengdetrening og øving, og lekser er viktig for å kunne øve opp ansvar for eiga læring og organisering av tida og utanfor skulen.

 

9A – Elevane si arbeidsmiljølov – skal hindre mobbing og sikre inkludering.

Luster ungdomsskule har eit inkluderande skulemiljø, det er rom for å vere ulike og det skal det vere.  Likevel kan det vere at nokon kjenner seg lite inkludert og opplever mobbing, på nett eller i den verkelege verda. Me har to kartleggingar pr. år, Elevundersøkinga på haust og Spekter på vår. Desse er viktige i arbeidet med å førebyggje mobbing, men me er heilt avhengige av tett dialog heim-skule.

Følg lenke for meir info. om 9A og skulen si aktivitetsplikt ift mobbing.

http://www.luster.kommune.no/nye-reglar-om-elevane-sitt-skulemiljoe-nytt-kapittel-9a.6084178-256758.html

Mobil

Luster ungdomsskule har klare reglar for mobilbruk. Sjå orden- og åtferdsreglane våre.

http://www.luster.kommune.no/styringsdokument.256757.nn.html

Elevane kan ha med seg mobil på skulen og nytte den i læring. Mange elevar nyttar Lydhør app som støtte til lesing. I friminutt og utan avtale om bruk skal mobil ikkje nyttast. Det er og viktig at føresette er gode rollemodellar her og ikkje sender snap eller anna til eleven i skuletida. Det er kome eit nytt program frå politiet, som heiter: Er det delbart. Dette skal me gjennomgå med føresette og elevar etter kvart.

 

 

Visma- kontakt heim-skule

Visma Flyt skule er vår kontaktplattform heim-skule. Minner om at de må logge dykk på app for å få denne funksjonell og motta felles informasjon frå skulen. Ta kontakt med skulen om det er problem med pålogging.

 

Me ynskjer alle elevar og føresette eit godt skuleår og ser fram til vidare samarbeid.

Me er heldige som får vere med dei flotte ungdomane dykkar kvar dag og vere med å påvirke læring og trivsel og førebu overgang til vidare liv.

 

Helsing

Kristin Vee, rektor

Og alle tilsette på LUS

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS