Eit anna vilkår for å få oppgjeret no, er at du får til gode skatt og at det ikkje kjem kontrollutslag som krev sakshandsaming av skattemeldinga di. Utbetaling av til gode beløp kan skje alt 1-2 veker etter at skattemeldinga er levert. Frist for å levere skattemelding er den 30. april for lønstakarar og pensjonistar. Næringsdrivande og dei som du skatter saman med, vil slik som før, få skatteoppgjeret til hausten. Innleveringsfristen for næringsdrivande er den 31. mai. Meir informasjon kan du finne på internettsida til skatteetaten.no