Verneområde.JPGDen norske allemannsretten gjev alle rett til å ferdast fritt i naturen, og i Luster er det massevis av merka turstiar. Me oppmodar deg til å ta deg tid til å nyta ei naturoppleving medan du er her!
Dersom du har spørsmål knytt til verneområda, er du velkommen til å ta kontakt med Luster kommune, postmottak@luster.kommune.no eller på telefon 57 68 55 00.

Bargarden naturreservat (0,2 km2)
Bargarden naturreservat ligg ved riksveg 55 like innanfor bygda Luster i Luster kommune, og strekkjer seg oppover i lia til ca 400 moh.. Føremålet med vern av Bargarden er mellom anna å sikra eit skogområde med særprega kalkfuruskog som ligg langt frå hovudutbreiinga av denne skogtypen. Lokaliteten inneheld plantegeografisk interessante førekomstar, slik som kantkonvall Polygonátum odorátum og raudflangre Epipáctis atrórubens. Småasal Sorbus subarranénsis er ein sjeldsynt art som har tyngdepunktet av utbreiinga si i Luster og Sogndal.
Ved riksveg 55 ligg det ein rasteplass like nedanfor reservatet, og her finn du eit skilt med kort informasjon om verneverdiane.
Det er ikkje tillate å brenna bål, telta og bruka sykkel eller motoriserte framkomstmiddel i reservatet. Du får heller ikkje plukka blomar her, men du er velkommen til å ta turen til Bargarden for å oppleva det flotte mangfaldet i blømingstida.

Fakta
 
 
Drægnismorki naturreservat (1,7 km2)
Drægnismorki naturreservat ligg i Fortunsdalen. Føremålet med reservatet er å ta vare på eit område som har særskilt verdi for det biologiske mangfaldet i form av spesielle naturtypar og artsførekomstar i mest mogleg naturleg tilstand.
Dette er eit stort og variert furuskogområde på fyllittgrunn med ein særmerkt hydrologi knytt til etteristids-forkastningar, tett og storvaksen furuskog og edellauvskog, og høg biologisk produktivitet. Området er rikt på grove, gamle tre, både av furu, alm og osp, og har eit spekter av kalkfuruskog frå tørre til rike typar.
 
Drægnismorki vart verna i 2010 gjennom tett samarbeid med skognæringa, som eit ledd i arbeidet med å freda meir produktivt skogareal i Noreg. Hovudmålet er å sikra leveområda for den store gruppa av dyre- og planteartar som er knytt til skog og som no er på raudlista.

Fakta
 
 
Jostedalsbreen nasjonalpark (1 315 km2)
Nasjonalparken dekkar Jostedalsbreen, som er den største isbreen på det europeiske fastlandet, samt fleire mindre omkringliggjande brear. Det er kombinasjonen av låg middeltemperatur og snørike vintrar som skaper isbreane. Breane veks og minkar i takt med klimavariasjonane frå år til år, og påverkar i stor grad både geologi, lokalt klima og vegetasjon i nærområda. Langs randa av Jostedalsbreen finn du såleis eit dynamisk naturmiljø med fantastisk spennvidd og mangfald. Over alt sildrar det små bekker med smeltevatn, eller større elvar som sommarstid er grønkvite av alt slammet som vert produsert når is skurer stein mot stein.
Jostedalsbreen byr på spanande opplevingar i storslått natur. Her kan du ta deg ein vårskitur på breplatået, eller ein fjelltur til ein av toppane som er omkransa av isen. Dersom du ynskjer meir actionfylte aktivitetar, er det fine høve for til dømes rafting, brevandring, klatring osb, gjerne under trygg vegleiing av ein av dei lokale guidane. Hugs at sikker ferdsel på isbre føreset kompetanse og varsemd; ta risikoen for å falla ned i ei bresprekk eller verta råka av ras på alvor!
I tillegg til denne kommunen har nasjonalparken også areal i kommunane Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn. Fine innfallsportar til nasjonalparken i Luster kommune er Styggevatnet, Fåbergstølsbreen, Nigardsbreen, Krundalen, Leirdalen eller Veitastrond.
God tur!

Nettside
 
 
Loi naturreservat (0,9 km2)
Loi naturreservat er eit edellauvskogreservat på sørsida av Lustrafjorden. Området vart freda i 2009 med føremål om å ta vare på naturmiljøet knytt til skogen som er dominert av alm, gråor og lind og hegg. Her finn du gamle grove almetre som har vore styva i tidlegare tider. Då skar dei ned greinene med nokre års mellomrom for å nytta lauvet til dyrefôr. Almen hadde ord på seg for å vera særleg helsefremjande for husdyra.
Loi edellauvskogreservat er svært frodig og har flotte artsrike eng- og bergsamfunn med sjeldsynte planter, lav og mosar.
Du må gjerne ta deg ein tur til reservatet, som ligg mellom Kroken og Urnes. Eit besøk til Loi kan til dømes kombinerast med ein tur innom Urnes stavkyrkje, kyrkja vår som ligg på UNESCO si verdsarv-liste. Hugs at alt liv, både dyr og planter, er freda i reservatet, og at det ikkje er tillate å leggja att søppel her.

Fakta
 
 
Hafslovatnet fuglefredingsområde (1,8 km2)
Hafsolvatnet fuglefredingsområde er eit naturreservat som vart oppretta i 1991 med sikte på å ta vare på det rike fuglelivet som er der. Reservatet dekkjer den vestlegaste delen av Hafslovatnet, samt Straumavatnet og Tverbergvatnet og nokre få meter land langs vasskanten. Området har stor verdi som trekk- og hekkelokalitet særleg for våtmarksfugl, som det er registrert bortimot 60 artar av.
Dei mest talrike artane er krikkand, stokkand, siland, raudstilk, vipe og strandsnipe. Området husar i tillegg ei lang rekkje artar som er sjeldsynte i vårt distrikt, og er einaste overvintringslokalitet for songsvane i Indre Sogn.
Du kjem til reservatet ved å fylgja riksveg 55 til Hafslo, og vidare gjennom Hafslo sentrum mot Veitastrond. Unngå unødig uroing av fuglane. Det er ikkje tillate å nytta motor i reservatet, heller ikkje i modellbåt/modellfly. Av omsyn til fuglane skal hundar haldast i band. Fisking er tillate med fiskekort for Hafslovatnet.

Fakta
 
 
Jotunheimen nasjonalpark (1 156 km2)
Det var Åsmund Olavsson Vinje som i 1862 fyrste gong kalla dette høgfjellsområdet for ”Jøtunheimen”. Her budde jotnane, som var svære, skumle skapningar i den norrøne mytologien. Dei ville fjella kan gjerne tirra fantasien også til moderne turistar.
I Jotunheimen finn du dei høgste fjella i Nord-Europa, inkludert Galdhøpiggen (2 469 moh) som er den høgste toppen i Noreg og ein flott tur både til fots og på ski. I nasjonalparken er det godt utbygd nettverk av stiar og DNT-hytter, og eit uendeleg utval av flotte fjelltoppar for deg som er friluftsinteressert. Mange planteartar har sin høgderekord i Jotunheimen. Dersom du er heldig, kan du sjå villrein eller jerv.
Så lenge du ikkje nyttar motorisert framkomstmiddel, kan du ferdast fritt i nasjonalparken. Du er velkommen til setja opp telt, plukka bær og sopp eller fiska (vanlege reglar for fiskekort). Men vis omsyn til dyre- og plantelivet, og legg ikkje att søppel eller andre skjemmande spor etter deg.
I tillegg til Luster har også kommunane Lom, Vågå, Vang og Årdal har areal innanfor nasjonalparken.

Fakta
 
 
Luster Allmenning naturreservat (10 km2)
Luster Allmenning naturreservat er eit brattlendt skogreservat som strekker seg frå fjorden og opp til høgfjellet ytst i Lustrafjorden. Området er ei skattekiste av naturtypar, økosystem og spanande dyre- og planteartar. Reservatet omfattar ein bestand gran som ein meiner er kome hit ved naturleg spreiing. Denne vesle granskogen (ca 50 dekar) vart i 1914 verna som det fyrste naturreservatet i Noreg. Den gongen fokuserte ein på å verna små, særeigne førekomstar av naturelement. I dag har naturreservatet ”vakse” til 10 km2, noko som høver godt med utviklinga innan naturvern-politikken. I moderne naturvern ynskjer ein nemleg også å ta vare på større område med natur som er representativ i tillegg til å ivareta dei avvikande naturtypane.
Naturreservatet er vanskeleg tilgjengeleg med mindre du har høve til å koma sjøvegen. Vidare er det svært bratt og dårleg med stiar, men dersom du har ein eventyrar i magen eller er interessert i skogplanter og fugl, så anbefaler me ein tur til Allmenningen. Du (private) må gjerne slå opp telt i verneområdet og laga deg eit kaffibål, men ver varsam med elden! Plukking av sopp og bær er tillate, det same gjeld fiske og jakt i samsvar med norsk lovverk. Elles er alt dyre- og plantelivet freda og skal ikkje øydeleggjast eller uroast, dette gjeld også daude planter. Søppel skal ikkje leggjast att i naturen.

Fakta
 
 
Nigardsbreen naturreservat (281 km2)
Dersom du ynskjer å oppleva spektakulær isbre og eit landskap som stadig er under utforming av is og smeltevatn, bør du ta deg ein tur til Nigardsbreen. Denne utløparen av Jostedalsbreen, og dalen han ligg i, er freda som naturreservat med føremål å ta vare på eit særprega dalføre med godt utvikla brerandsone. Området er særleg godt eigna for studiar av korleis isen endrar landskapet under seg, og den langsame prosessen når nytt planteliv skal etablera seg i steinlandskapet som vert blottlagt når breen trekkjer seg attende.
For å koma til Nigardsbreen køyrer du ca 37 km frå kommunesenteret Gaupne opp gjennom Jostedalen. Staden er godt skilta. På turen er du velkommen innom Breheimsenteret, med aktivitetar og informasjon om Jostedalsbreen og Nigardsbreen. 
Ein tur inn til brefronten kan by på sjeldsynte naturopplevingar, men ver forsiktig: Breen er i stadig rørsle. Store isblokker som losnar, demningar som brest og utløyser flaumbølgjer og steinsprang frå fjellsidene er spanande å oppleva på trygg avstand, men kan vera svært farleg om ein er for nær. Dersom du vil opp på sjølve breen, tilrår me at du nyttar lokalkjend breførar som er å treffa ved parkeringsplassen på Nigard (sommarstid) eller på Breheimsenteret. Om sommaren kan du få båtskyss på Nigardsvatnet, alternativt gå til fots inn til breen på eigahand. Me oppmodar deg då til å halda deg til merka sti og respektera skilting/sperringar.

Forvaltningsplan

Fakta
 
 
Vigdalen landskapsvernområde (29,2 km2)
Vigdalen landskapsvernområde grensar til Breheimen nasjonalpark, og vart oppretta i samband med etableringa av nasjonalparken i 2009. Denne sidedalen til Jostedalen er verna med føremål å ta vare på både naturlandskapet og kulturlandskapet. På grunn av inngrepa som har vorte gjort i samband med utbygging av vasskraftanlegg, kunne ikkje dalen verta innlemma i nasjonalparken, men fekk heller status som landskapsvernområde.
Vigdalen er eit fantastisk fint utgangspunkt for fjellskiturar, og naturlegvis også for fotturar sommarstid. For å koma dit køyrer du eit stykke oppover Jostedalen, og fylgjer skilting til høgre opp ein bratt og svingete veg.
Landskapet her er prega av bre-aktiviteten mot slutten av siste istid. Den store breen som fylte heile Jostedalen pressa seg oppover Vigdalen, samstundes som is frå Vigdalen og områda nord og aust valt nedover. Spora er tydelege i moreneryggane i dag.

Fakta
 
 
Ytamoen naturreservat (1,9 km2)
Då Ytamoen vart freda som naturreservat i 2009 var føremålet å ta vare på eit større skogområde med stort mangfald og lite menneskeleg påverknad. Her finn du edellauvskog (alm-lindeskog og gråor-almeskog og hasselkratt), flaummark, ospeskog, sumpskog og elveterrassar. Naturtypar med skog er underrepresentert i norsk naturvern, og det er langt mellom skogområde som ikkje er sterkt prega av hogst og beite. Slik urskog er kjenneteikna ved at du finn tre i alle aldrar, også gamle grove tre og daude tre. Dei eldste trea, både levande og daude, er levestad for eit spanande mangfald av sopp, lav, mosar og smådyr, og på Ytamoen kan du finna ein del artar som er vortne sjeldsynte som fylgje av intensivt skogbruk dei fleste stader.
Du velkommen til å vitja reservatet, som du finn på austsida av Jostedalen i området Leirmo-Alsmo.

Nettside
 
 
Breheimen nasjonalpark (1 691 km2)
Ingen annan stad i Noreg finn du så stor spennvidd og så mange kontrastar som i Breheimen nasjonalpark. Her har me både svært nedbørsrike område og andre område som er svært tørre. Nasjonalparken spenner frå fantastisk frodige edellauvskogar, til karrige alpine landskap der berre dei mest hardføre plantane klarer seg. Stølsområda fortel om gode høve for husdyr på sommarbeite i tidlegare tider slik som i dag.
Det finst 300 km merka tursti i Breheimen, men hyttene ligg ikkje like tett som i mange av dei andre nasjonale turområda, og dei er gjerne sjølvbetjente. Erfaring med fjellsport er ein føresetnad for trygg ferdsel på breane og enkelte av tindane som gjerne er over 2 000 meter, men det er uendeleg mange alternativ også for deg som ikkje er van med å ferdast i fjellet, og ikkje minst for borna. 
Dersom du vil oppleva Breheimen med utgangspunkt i Luster kommune, føresler me at du startar ut ved Viva, Vanndalen, Vigdalen, Mørkridsdalen, Nørdstedalen eller Sognefjellet. Mørkridsdalen og Vigdalen er randområde som er verna som landskapsvernområde med føremål å ta vare på viktige kulturlandskapsverdiar (sjå eigne faktaboksar). Elles har nasjonalparken også tilgjenge frå dei andre kommunane som har areal i parken, Lom og Skjåk.
Ved ferdsel i Breheimen ber me om at du viser omsyn til dyre- og plantelivet. Unngå å uroa dyra og legg ikkje att søppel i naturen.
Ver velkommen til Breheimen!

Fakta
 
 
Mørkridsdalen landskapsvernområde(34,7 km2)
Mørkridsdalen landskapsvernområde vart oppretta samstundes med Breheimen nasjonalpark i 2009, og grensar til denne. Verneforma ”landskapsvernområde” er nytta fordi ein ynskjer å ta vare på eit landskap som er sterkt kulturpåverka, der vidareføring av husdyrbeite og vedlikehald av bygningane er viktig for å ivareta verneverdiane.
I tillegg til det fine kulturlandskapet har Mørkridsdalen har eit særleg frodig og mangfaldig planteliv med mange sjeldsynte artar særleg knytt til edellauvskogen. Her kan du mellom anna finna skogsøtgras Glycéria lithuaánica (raudlisteart) og huldregras Cinna latifólia som begge er svært skjelsynte i vår del av landet. Fine gamle tre og eit særleg vakkert elvemiljø kring Mørkridselva styrkar opplevinga av å vera i eit eventyrlandskap.
På veg opp til Osen og Åsete vert du dusja i govet frå den store og flotte Drivandefossen. Mørkridsdalen er eit godt startpunkt for fotturar i Breheimen nasjonalpark.

Fakta
 
 
Utladalen landskapsvernområde (314 km2)
Utladalen er eit fascinerande stykke vill og vakker vestlandsnatur. Dalen skjer seg innover mot Fannaråken, Smørstabbtindane og Rauddalen i Jotunheimen. Her ligg nokre av dei høgaste fjella i Noreg, på godt over 2000 moh.
I Utladalen finn du Vettisfossen, som med sine 275 m er Nord-Europas høgste frie fossefall. Du finn steile fjellsider med kort avstand mellom det frodige og det karrige. Utladalen er ein flott innfallsport til Jotunheimen, som er eit av dei mest populære reisemåla for fotturistar i Noreg.
Utladalen landskapsvernområde ligg dels i Luster, og dels i Årdal kommune. Vernet skal ikkje vera til hinder for å driva jordbruk, friluftsliv, jakt og fiske. Du er altså velkommen til å setja opp telt, laga deg eit lite kaffibål og hausta av naturen i Utladalen. Men vis respekt for naturen, ikkje legg att søppel og lat det ikkje vera meir spor etter deg enn naudsynt.

Nettside
 
 
Yngsdalen naturreservat (2,4 km2)
Yngsdalen er eit klassisk døme på ein dal som er forma av breen; ein U-dal, med relativt brei dalbotn og steile fjellsider. Det uvanlege, som har gjort at Yngsdalen er freda som naturreservat, er at heile dalbotnen er dekka av myr. Slike store myrar er sjeldsynte i Indre Sogn. I tidlegare tider var det mykje beitedyr i dalen om somrane, og ein del av arealet var slåttemark. I dag er det lite menneskeleg aktivitet her; ingen husdyr beitar og gardane er ikkje lenger i drift.
Myrar kan klassifiserast etter ein gradient frå fattigmyr til rikmyr, der det største artsmangfaldet, og dei mest sjeldsynte artane, er å finna på rikmyrane. Skilnaden ligg i om myra får tilførsel av mineralrikt grunnvatn eller om det mest berre er det næringsfattige regnvatnet som bløyter torva. Det meste av arealet i Yngsdalen er fattigmyr med dominans av bjønnskjegg Trichóphorum cespitósum, snøull Erióphorum scheuchzéri, sveltstorr Carex pauciflóra, blåtopp Molínia caerúlea med fleire. Litt oppe i lisidene finst det nokre rikare parti kring kjeldeframspring.
Du er velkommen til å ta deg ein tur i reservatet! Du kjem deg enklast dit med båt over Veitastrondsvatnet og derfrå langs sti via gardane i Yngsdalen. Som privatperson har du lov å slå opp telt og brenna bål i reservatet (organiserte arrangement krev særskilt løyve etter søknad). Vernet er heller ikkje til hinder for jakt og fiske. Men ver omsynsfull i høve dyre- og plantelivet i området, og legg ikkje att spor etter deg, heller ikkje søppel.

Fakta