Vis omsyn; de vil ikkje ha smitte frå veterinæren og veterinæren vil ikkje ha med seg smitte vidare.

I tillegg er me på veg inn i ein hektisk periode i mange fjøs nå med lamming. Etter at me har mista to veterinærar i haust/vinter, har me berre klart å få tak i ein ny til å stå i vaktordninga. Me prøver å få tak i ekstrahjelp nå i lamminga, men det er usikkert. Veterinærane vil gjere så godt dei kan, men brukarane vil måtte rekne med meir venting.

Veterinærvakta har 975 88 629. Per i dag er Oddfrid Vange Bergfjord og Rune Runnestø knytt til vaktordninga. Desse er sjølvsendig næringsdrivande og bestemmer sine eigne priser. Under er ei opplisting av dei viktigaste prisane som Oddfrid bruker. Rune har eigne priser som må avtalast konkret.

Priser Oddfrid eks mva.:

  • Oppmøte (enkel behandling) – 390,-
  • Meirarbeid etter medgått tid
  • Skyss – 390,-
  • Medisin og utstyr etter bruk
  • Tillegg kveld (fram til kl. 22) – 195,-
  • Tillegg natt/helg – 390,-
  • Vaksinering: oppmøte + 7,-/sau + medisin/utstyr (+skyss dersom enkeltbehandling)

Lykke til i lamminga.