Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
6. mai 2021 kl. 12:54

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
3. mai:

Kompensasjonsordning til verksemder i Luster kommune i samband med pandemien

Søknadsfrist 5. mai 2021. Les meir...
A A A

Ytamo naturreservat har fått eigen forvaltningsplan

Publisert
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ytamo naturreservat er eit større skogområde med stort mangfald og lite menneskeleg påverknad. Her finn du edellauvskog, flaummark, ospeskog, sumpskog og elveterrassar. Naturtypar med skog er underrepresentert i norsk naturvern, og det er langt mellom skogområde som ikkje er sterkt prega av hogst og beite. Slik urskog er kjenneteikna ved at du finn tre i alle aldrar, også gamle grove tre og daude tre. Dei eldste trea, både levande og daude, er levestad for eit spanande mangfald av sopp, lav, mosar og smådyr, og på Ytamoen kan du finna ein del artar som er vortne sjeldsynte som fylgje av intensivt skogbruk dei fleste stader.

I løpet av skriveprosessen har verneområdet vorte utvida i to omgangar. Den seinaste endringa var då reservatet vart utvida nordover heilt fram til Vigdøla i desember 2017.

Sjå planen her.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker