I medhald av Plan og bygningslova § 11-14, jf §11-1 og 5 har Kommuneplannemnda i Luster i møte 27.03.2019 i sak 25/19 vedteke å leggje framlegg til revidert arealdel av kommuneplanen ut til 2. gongs offentleg ettersyn Hovudføremålet med arealdelen er å leggja til rette for ei overordna styring av arealbruken i Luster kommune.
Kommuneplanen sin arealdel  er ein juridisk bindande plan som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging jfr Plbl §§11-7, nr 1-6, og omfattar alt areal i Luster kommune. Den juridiske delen av planen omfattar:
Retningslinjer og «Oppfylgjande planoppgåver» er ikkje bindande, men førande for administrasjon og folkevalde.
Dersom høyringsrunden ikkje medfører vesentlege endringar av planen, er det ei målsetjing at arealdelen skal handsamast og vedtakast av kommunestyret 13. juni 2019. Framdriftsplanen er slik:
 27. mars              formannskapet – vedtak om utlegging
29 mars               Kunngjering off ettersyn
10. mai                 frist for merknader
30. mai                 utsending formannskapet
6. juni                   formannskapet handsaming
13. juni                 Kommunestyret - vedtak
Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til:
Kommuneplanleggjar Oliver Bjørndal, tlf +4790823084, e-post: oliver.bjorndal@luster.kommune.no
Plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf +4741858780, e-post: knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no
Merknader skal sendast til: Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868  GAUPNE eller til  postmottak@luster.kommune.no