Forskrift for bandtvang av hund, Luster kommune, Vestland

DatoFOR-2020-02-13-142
Ikrafttredelse13.02.2020
EndrerFOR-2007-06-21-715
Gjelder forLuster kommune, Vestland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort17.02.2020   kl. 14.25
KorttittelForskrift for bandtvang av hund, Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 13. februar 2020 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd og § 11.

§ 1.Føremål

Luster kommune ynskjer at lokal forskrift for hundehald er med å:

-fremje eit positivt og ansvarleg hundehald som varetek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden, redusera konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta ved å leggje vekt på tryggleik og trivsel for bufe, vilt og menneskje,
-fremje hundehaldet ved at hundar vert handtert på ein aktsemd og kontrollert måte,
-hindre at hundar skremmer elle hindrar folk og spesielt born frå fri leik,
-hindrar at hund jagar bufe på beite,
-verna om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturtilhøve.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omfattar alle som bur eller oppheld seg i Luster kommune.

Forskrifta gjeld ikkje for:

a.dresserte gjetarhundar i arbeid
b.tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c.hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d.jakthundar som vert nytta under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e.hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f.organisert trening av brukshundar.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta forstår ein:

a.Ekstraordinære tilhøve: Unormalt store snømengder, nedising av beiteområde eller andre klimatiske tilhøve som gjer viltet særlege sårbart mot uroing, samt andre tilhøve som reduserer viltet si toleevne mot stress meir enn normalt. Opplistinga er ikkje uttømmande.
b.Bandtvang: Inneber at hundar skal haldast i band eller vera forsvarleg innestengde eller inngjerda.

§ 4.Bandtvang

Eigar eller innehavar av hund i Luster kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. november i dei områda der husdyr har rett til å beita og faktisk beitar.

§ 5.Reinhald

Personar med ansvar for hund skal straks fjern ekskrement som hunden etterlet seg i områder regulert til skule og barnehage, kyrkje og kyrkjegardar, bustadområde, idrettsanlegg, gang- og sykkelveg. Avfallet skal deponerast på dertil eigna stad. Hundeposar må ikkje kastast i naturen.

§ 6.Innføring av bandtvang under ekstraordinære tilhøve

Rådmannen kan innføra ekstraordinær bandtvang for heile eller deler av kommunen for å verna vilt og bufe dersom tilhøva tilseier at det er naudsynt. Den ekstraordinære bandtvangen gjeld inntil det vert fatta vedtak om oppheving, eller han vert erstatta av ordinær bandtvang 1. april.

Vedtak om innføring av ekstraordinær bandtvang skal kunngjerast i dei media rådmannen finn føremålstenleg, samt på kommunen si heimeside.

Rådmannen skal fatta vedtak om oppheving av ekstraordinær bandtvang så snart tilhøva tilseier at det er forsvarleg. Vedtak om oppheving skal kunngjerast på same måte som innføring.

§ 7.Dispensasjon

Rådmannen kan, etter søknad, dispensera frå vedtektene om bandtvang gjevne i hundelova eller denne forskrifta.

§ 8.Klage

Vedtak om innføring av ekstraordinær bandtvang kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland, jf. forvaltningslova kapittel VI.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart i medhald av lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundelova) § 28.

§ 10.Verknadstidspunkt

Forskrifta tek til å gjelde straks.

Frå same tid blir forskrift 21. juni 2007 nr. 715 om bandtvang for hund, Luster kommune, Sogn og Fjordane oppheva.