Vaksine mot helvetesild

Legetenesta opplever ein auke i førespurnader om vaksine mot helvetesild. 

Det er fastlegen din som vurderer om du er i målgruppa for å få vaksina. Du må starte ein e-konsultasjon med fastlegen din for denne førespurnaden, med vanleg eigenandel kr 179 for ikkje-spesialist og kr 235 for spesialist. Vaksine mot helvetesild kan ikkje skrivast på blå resept (pasienten må betale alle utgifter fullt ut). Som regel blir vaksinen Shingrix nytta. Det blir sett to dosar med to månaders mellomrom. Samla pris for vaksinen er om lag kr 4500. I tillegg kostar det kr 160 å få sett kvar dose. Vaksinane blir sette på laboratoriet på legesenteret, du kan tinge time til dette på Helsenorge.

 Indikasjon for vaksine er førebygging mot helvetesild. Per i dag finst det ingen sikre haldepunkt for at den vernar mot utvikling av demens.

 Folkehelseinstituttet si vurdering av målgrupper:

• Risikoen aukar med aukande alder over 50 år.

 

Personar over 18 år med auka risiko for helvetesild:

Vaksinen er særleg aktuell for personar som

• har gjennomgått stamcelletransplantasjon (individuell vurdering)

• har gjennomgått, eller skal gjennomgå, organtransplantasjon

• har hematologisk kreft

• har malign solid svulst

• er HIV-positive

• blir behandla med JAK-hemmarar (til dømes legemidla Tofacitinib (Xeljanz), Figotinib (Jyseleca), Upadacitinib (Rinvoq), Baricitinib (Olumiant))

• har primær immunsvikt som skuldast B- og/eller T-cellesvikt. Dette gjeld hovudsakleg pasientar som er under oppfølging i spesialisthelsetenesta."