Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)
SU skuleåret 2024/25:
Leiar (skule): Mona Lisa Åsebø (vara: Sandra Bukve)
Nestleiar (skule): Rune Fortun (vara: Jan Atle Leirmo)
Sekretær: Eli Hansen Moen, rektor (vara: Lena Stai Bolstad)
Forelder (bhg): Malin Skinlo Fuglesteg (vara: Aina Elise Stokkenes)
Forelder (bhg): Malin Hundere (vara: May Tone Feten Høyheim)
Elevråd: Christina Bringebøen (vara: Børge Otterhjell)
Elevråd: Anna Orrestad (vara: Brynjar Holen)
Tilsett (skule): Monica Sognnes (vara: Siri Ann Skagen)
Tilsett (skule): Marit Fuhr (vara: Beate Yttri)
Tilsett (bhg): May Grethe Lerum (vara: Kristian Tuften)
Tilsett (bhg): Linn Therese Skagen (vara: Mahmoud Alkadi)
Kommunen: Svein Tore Heltne (vara: Charlotte Alme Bringe)
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Samarbeidsutval (SU):
- Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
- Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
FAU skuleåret 2024/25:
Løvetann: Malin Hundere (vara: May Tone Feten Høyheim)
Søtekruse: Malin Skinlo Fuglesteg (vara: Aina Elise Stokkenes)
Blåklokke: Maren Berget (vara: Evy Stuppelshaug Vigdal)
1.trinn: Ingeborg Fuhr (vara: Eirin Høyheim Storvoll)
2.trinn: Rune Fortun (vara: Jan Atle Leirmo)
3.trinn: Guy Steffen Brun (vara: Tor Arne Nyhus)
4.trinn: Mona Lisa Heimlid Hjorthaug (vara: Sandra Bukve)
5.trinn: Kari Ingeborg Bukve (vara: May Elin Dressel)
6.trinn: Tore Heggestad (vara: Nina Holen)
7.trinn: Heidi Listou (vara: Inge Magne Otterhjell)
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Foreldreråd (FAU):
- På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
- Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
- Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.
Foreldregruppa i kvar klasse vel ein foreldrekontakt for kvart trinn og ein vara for denne. Me vel i 1. og 2.trinn, deretter 4.trinn og 6.trinn (foreldrekontaktane sit i 2 år). Foreldrekontaktane er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre/føresette og lærar/ skule. FAU ved Luster oppvekstsenter består av alle foreldrekontaktane frå 1. - 7. trinn og våre tre barnehageavdelingar. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalet (SU) for Luster oppvekstsenter.
Arbeidsoppgåvene for FAU er i hovudsak den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.