Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Sogn kulturskule på turné Sogn kulturskule var på skulebesøk denne veka. I tillegg har dei ei spørjeundersøking dei ønskjer flest mogelege svar på.
Språkkafe Språkkafe blir arrangert av Frivilligkoordinator i Flyktningtenesta, og saman med biblioteket.
Møte i råda Eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne har møte på rådhuset måndag 17. mars kl. 09.30.
UKM Sogndal og Luster Søndag 9. mars er det UKM for Sogndal og Luster i Sogndal kulturhus. Kom og opplev kreativitet, musikk, kunst og scenekunst!
Heider til mjølkebønder 27. februar arrangerte mjølkeprodusentane i Luster årssamling i sitt lokallag i TINE. Der vart kollegaer heidra for særs god mjølkekvalitet.
Eigedomsskatt Eigedomsskattelista for 2025 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker, til og med 23. mars 2025, på rådhuset i Gaupne.
Detaljreguleringsplan Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har vedteke å leggja detaljreguleringsplan for Skjeret ut på offentleg ettersyn.
Ny fagarbeider - gratulera! Fredag har Eirik Cirotzki bestått fagprøven i Barne- og ungdomsarbeiderfaget i Gamlestova barnehage.
Hyllest til Jarle Kommunestyremøtet 27. februar blei historisk då siste rådmannen i Luster kommune blei takka av.