Vedtaket vart gjort i møte 25.02.2025 (sak PFU 08/25). Dette i medhald av plan- og bygningsloven § 12-10.
Bakgrunnen for planarbeidet er at me berre har eit skjer i Lustrafjorden, og at dette er ein viktig plass for fuglelivet i fjorden. Samstundes er området på land nytta som raste- og badeplass. Målet med reguleringsplanen er at ein skal klare å balansere menneskeleg aktivitet og naturen sine behov betre. Planen legg såleis til rette for at ein skal handheve eit ferdseslforbod i fuglane sin hekkeperiode frå 1. april til 1. august. Forbodet vil gjelde på Skjeret og 50 meter rundt. Dette vil gjerast gjennom å fysisk skilje badeområde og naturområde med blåser. Elles opnar planen for at ein kan etablere HC-rampe frå land og ut i sjøen, samt at ein kan reise eit fugletårn på inntil 3 meter. Byggverk må løysast innanfor fastsette byggjegrenser. Desse er satt til 14 meter frå plangrensa/kanten på fylkesvegen og 9 meter frå fjorden. Grensene er satt med utgangspunkt i det eksisterande toalettbygget, og at planen legg opp til lite nybygging.
Reguleringsformåla i planen er offentleg og privat tenesteyting, rasteplass, anna veggrunn, friområde, badeplass, naturområde og badeområde.
Les plandokumenta og send inn merknader her.
Ein kan samhandla med plankartet på kommunekart.
Frist for å koma med merknadar er sett til 11. april 2025.
Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6868 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: post@luster.kommune.no. Merk innspelet med plan-ID.
Plankart Skjeret