Badeplass på SkjoldenBadevasskvaliteten vart målt 10. juni ved dei tre kommunale badeplassane; Luster (Myrane), Skjolden og Solvorn. Målingane er innanfor akseptabelt område.
Bakgrunnsinformasjon:
Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver.
Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.
Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabellen under:
Parameter | God | Mindre god | Ikkje akseptabel |
Termotolerante koliforme bakterier/100 ml | < 100 | 100-1000 | > 1000 |
Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml | < 100 | 100-1000 | > 1000 |
Følgjande resultat frå målingane 10.juni 2025:
Dato/Stad | 20.051 | 20.052 | 10.061 | 10.062 | | | | | Kvalitet ved sist måling |
Skjolden | <10 | <10 | <10 | <10 | | | | | God |
Luster | 10 | <10 | 31 | <10 | | | | | God |
Solvorn | <10 | <10 | <10 | <10 | | | | | God |
- Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
- Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar)