Høyring - Luster kommune

Høyring

Forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune. Høyringsfrist er 29. mai 2026.

Luster kommune sender på høyring lokal forskrift: Forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune.

Om lokale forskrifter: 

Opplæringslova § 2-6 gjev kommunen høve for å gje forskrift om skulekrinsar. Lokale forskrifter gjeld innafor eit bestemt område, til dømes for elevar ved ein bestemt skule eller i ein kommune eller eit fylke. 

Den nye opplæringslova frå 1. august 2024 krev at alle lokale forskrifter vert kunngjort i Norsk Lovtidend (Lovdata). Luster kommune må ha høyrt, vedteke og kunngjort forskrift etter ny opplæringslov innan datoen forskrifta skal gjelde frå. Forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune skal gjelde frå 1. august 2026. 

Om skulekrinsar i Luster 

Skulekrins 2026 på kart - Klikk for stort bileteSkulekrins 2026 på kart

Kommunen kan gje forskrift om skulekrinsar med heimel i opplæringslova § 2-6. Skulekrinsane gjev oversikt over kva område i kommunen som høyrer til kva skular. Dette gjer det føreseieleg for innbyggjarar, føresette og elevar kva skule ein soknar til utifrå kvar ein bur. 

Framlegget til lokal forskrift om skulekrinsar har bakgrunn i både ny opplæringslov og i den komande nedlegginga av Solvorn oppvekstsenter. Kommunestyret vedtok 19. mars 2026 i sak 12/26 å overføre skuletilbodet for Solvorn krins til Hafslo barne- og ungdomsskule frå og med skuleåret 2026/27. Det inneber at frå og med 1. august 2026 vil elevane frå Solvorn oppvekstsenter høyre til ved Hafslo barne- og ungdomsskule, og skulekrinsen Solvorn vert slått saman med skulekrinsen Hafslo. 

I samsvar med kommunestyrevedtaket skal det gjerast ei etterfølgjande forskriftsendring av skulekrinsgrensene. Høyring av ny lokal forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune vart vedteke av Formannskapet 15. april i sak 51/26.

Luster kommune har frå skuleåret 2026/27 sju barneskulekrinsar og to ungdomsskulekrinsar. Skulekrinsgrensene gjev oversikt over kva område i kommunen som soknar til kva skular.

Skulekrinsar 2026
Barneskulekrinsar i LusterUngdomsskulekrinsar i Luster
GaupneHafslo barne- og ungdomsskule (barneskulane Hafslo og Veitastrond)
HafsloLuster ungdomsskule (barneskulane Gaupne, Indre Hafslo, Jostedal, Luster og Skjolden)
Indre Hafslo
Jostedal
Luster
Skjolden
Veitastrond

 

Skulekrinsgrensene for Luster kommune er fastsette ved kommunestyrevedtak etter tidlegare skulelover. Ved ei rekkje skulenedleggingar på 60- og tidleg på 70-talet vart - med få unnatak - nedlagde skulekrinsar inkluderte i ein nabokrins utan endring av krinsgrensene. 

Sidan midten av 70-talet er det føreteke fire endringar av krinsgrensene for barneskulane i Luster:

  • 1982: Mollandsmarki (tidlegare Molland skulekrins) vart overført frå Hafslo skulekrins til Indre Hafslo skulekrins (tidlegare Livdtun skulekrins)
  • 2008: Fortun skulekrins og Bolstad skulekrins vart slått saman til ein skulekrins frå og med skuleåret 2008/09 etter at Fortun skule vart lagt ned året før. Den samanslåtte skulekrinsen, Skjolden skulekrins, har same yttergrenser som tidlegare
  • 2009: Kommunestyret vedtok ei justering av krinsgrensa mellom dåverande Dale, no Luster skulekrins og Gaupne skulekrins slik at elevane på Neshøgda/Nes soknar til Gaupne skule. Krinsgrensa mellom skulekrinsane Luster og Gaupne er mellom tidlegare Nes skulehus og krysset riksveg 55/privatveg til Høyheim
  • 2026: Kommunestyret vedtok å leggje ned Solvorn oppvekstsenter og overføre skuletilbodet i Solvorn krins til Hafslo barne- og ungdomsskule. Den samanslåtte skulekrinsen, Hafslo skulekrins, har same yttergrenser som tidlegare

 

Til høyringa er det lagt ved kartutsnitt syner grensene for dei ulike skulekrinsane. I samsvar med kommunestyrevedtaket av 19. mars 2026 er Hafslo og Solvorn skulekrins slått saman, og grensa mellom Hafslo og Solvorn skulekrins er fjerna.

Skulekrinsane i Luster kommune vil også verte framstilte i søkbare digitale kart på nettstaden kommunekart.com. Desse vil verte tilgjengelege via kommunen sine heimesider i løpet av høyringsperioden. Det vil vere mogleg å zoome inn i kartet eller søkje på bestemte adresser for å finne ut kva skulekrins dei ulike områda eller enkeltadressene høyrer inn under.

Retningsliner for handsaming av søknadar om skuleplass på ein skule utanfor skulekrinsen 

I framlegget til forskrift er også retningsliner for handsaming av søknadar om skuleplass på ein skule utanfor skulekrinsen formalisert og skildra. Retningslinene skal bidra til å informere om korleis søknad om skuleplass på ein skule utanfor skulekrinsen vert handsama, kven som har mynde til handsaming og kva kriterium (eller moment) som vert vektlagt i handsaminga. 

Høyring av den lokale forskrifta 

Kommunane og fylkeskommunane skal syte for at ei sak er så godt opplyst som mogleg før forskrifter vert vedteke. Det følgjer av forvaltningslova § 37. Forskrifter skal på høyring, slik at dei som saka vedkjem får høve til å kome med sine synspunkt. 

Høyringsperioden for forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune er 17. april – 29. mai 2026. Høyringsfrist er 29. mai 2026.

Alle som ønskjer det, kan sende svar og innspel på høyringa om forskrifta. Særleg samarbeidsutvala og FAU ved den einskilde skule vert oppmoda om å gje høyringssvar. 

Etter høyringa vil kommunedirektøren leggje fram sak om «Forskrift om skulekrinsar og tildeling av skuleplass i Luster kommune» for Formannsskapet 10. juni og for endeleg handsaming i kommunestyret 18. juni 2026.

Send innspel