Luster kommune krev elektronisk faktura i "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar.
Når du sender faktura til kommunen, må du få med følgande informasjon på fakturaen:
- avdelingsnummer og namn på bestillar
- ansvarsnummer (Bestillar ID) i feltet “Deres referanse"
Bestillar-ID - firmanamn, organisasjonsnummer, meirverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato
- forfallsdato, fakturasum, bankkonto og KID- nummer
Luster kommune sitt organisasjonsnummer er: 964 968 241.
Faktura utan korrekt referanse vert sendt i retur og ikkje handsama før referanse er påført.
Inngåande faktura som ikkje er korrekt merka, sendt i retur til leverandør. Ved feil og manglande merking, får du ein automatisk e-post frå vårt fakturasystem. Her får du ei lenke i e-posten, der du sjølv kan korrigere/legge inn fakturareferanse utan å sende kreditnota og ny faktura.
Kan ikkje verksemda di levere ein EHF?
Send faktura på e-post til okonomi@luster.kommune.no
Kva skal til for å sende elektronisk faktura?
EHF er ei forkorting for Elektronisk Handelsformat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.
Alver kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive.
Her kan du lese meir om ordninga: