God badevasskvalitet!

No skal det bli varmt nok til å bada i Lustrafjorden. Vatnet er testa og kvaliteten er god!

Badevasskvaliteten vart målt 30. juni ved dei tre kommunale badeplassane; Luster (Myrane), Skjolden og Solvorn. Målingane er innanfor akseptabelt område.

Bakgrunnsinformasjon:

Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver.

Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabellen under:

Vasskvalitet på badevatn
Parameter God Mindre god Ikkje akseptabel
Termotolerante koliforme bakterier/100 ml < 100 100-1000 ,"> 1000
Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml < 100 100-1000 ,"> 1000

 

Følgjande resultat frå målingane 30.juni 2025:

Vasskvalitet resultat badevatn
Dato/stad 20.05(1) 20.05(2) 10.06(1) 10.06(2) 30.06(1) 30.06(2) Kvalitet ved sist måling
Skjolden <10 <10 <10 <10 <10 <10 God
Luster 10 <10 31 <10 <10 <10 God
Solvorn <10 <10 <10 <10 20 20 God
  1. Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
  2. Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)